Hopp til innhold

30 meter breitt snøskred i Sauda

Redningsmannskap og luftambulanse er på veg til staden i Sauda, der det for kort tid sidan gjekk eit snøskred. Politiet veit ikkje om nokon er tekne av raset.

Kyrkjenuten

– Luftambulanse, seaking-helikopter, redningsmannskap med lavinehundar, politi og ambulanse er på veg til staden, seier operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Terje Tonning.

Politiet fekk melding om snøskredet ved Kyrkjenuten i Sauda kl. 15.10 i dag. Det skal ha vore om lag 30 meter breitt.

Førebels veit dei ikkje om det er folk som er tekne av raset.

– Personen som melde frå om raset har observert skispor som går inn i området. Det er difor me mobiliserer slik med gjer, seier Tonning.

Redningsmannskap skal vera framme på staden om kort tid.

Laster Twitter-innhold