Hopp til innhold

270 tilsette mistar jobben i Aker Solutions

Aker Solutions har vunne for få kontraktar, og no kutter dei tilsette i Eigersund og på Sotra. – Det er vondt, seier klubbleiaren.

Oddvar Hølland

Klubbleiar Oddvar Hølland seier det er vondt at så mange må gå.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Det er dyster stemning, sjølvsagt. Så langt har ingen fått brev, så det er ingen som veit kven som må gå. Difor er det mykje spenning, seier klubbleiar, Oddvar Hølland.

På eit allmøte på verftet til Aker Solutions i Egersund i dag, fekk dei tilsette beskjeden om at 100 av dei må gå.

Selskapet har i dag informert sine tilsette om at totalt 270 stillingar i Norge blir kutta. 170 av dei er truleg på subsea-services anlegget på Ågotnes, nord på Sotra, ifølgje offshore.no.

– Det er ikkje kjekt å vera med på slike møter, og få slike meldingar, men me må prøva å koma styrka ut av det, seier Hølland.

Tapte konkurransen om kontraktar

Det er nedturen i oljebransjen som får skulda for at fleire i Aker Solutions no må gå.

– Det er den sviktande marknad i oljeindustrien, som me blir ramma av no. Me har eigentleg vore heldige, fordi me har heldt ut lenger samanlikna med mange andre. Men det er vondt, seier Hølland.

I oktober i fjor vann Aker Solutions ein kontrakt på 900 millionar, men skuffelsen ved verftet i Egersund var likevel stor. For same dag gjekk den ettertrakta kontrakten på bygginga av to modular til Heidrun-plattforma, til Aibel.

Allereie då blei det varsla at det kunne få konsekvensar for bemanninga.

– Me ser at nedgangen må koma, fordi me har ikkje arbeid.

Er framleis optimist

Likevel har klubbleiaren trua på at ting kan snu.

– Eg er den fødde optimist. Dette er ein nedtur som me skal gjennom, og så håpar me sjølvsagt at marknaden skal stiga igjen. Det ligg mykje i Barentshavet som skal byggast ut vidare, og det er mykje i Nordsjøen som skal haldast ved like.

Og han får støtte frå oljedirektøren, i at det er grunn til å ha trua på betre tider.

– I våre prognosar, og i det me har fått innrapportert frå selskapa, så ligg det ein pluss minus ti nye utbyggingsprosjekt, som kjem dei neste to åra. Og Egersund vil vera ein attraktiv søker, eller leverandør til desse tenestene, seier Bente Nyland.

– Me er verdas beste offshore-verkstad, og dette skal me overleva, seier Hølland.