Ingen skal klaga på manglande trøkk og usemjenivå i nominasjonskampen som har pågått i Rogaland SV sidan tidleg i haust.
- Les også:
58 år gamle Heidi Bjerga frå Sandnes var favoritten til mange. Men svært få i Stavanger SV ville ha ho på topp, og derfor trekte ho seg frå heile nominasjonen tidleg i haust.
Heidi Bjerga tapte kampvoteringa på nominasjonsmøtet til Rogaland SV.
Foto: Ingvald Nordmark / NRKEtter mange oppfordringar kom ho likvevel tilbake og stilte i kampvotering om førsteplassen mot den 26 år gamle fagarbeidaren og ungdomssekretæren i LO i Rogaland i dag.
Der vann Solfrid Lerbrekk med 33 mot 28 stemmer.
Ein valkamp med futt i
Solfrid Lerbrekk, (26) og Eirik Faret Sakariassen (25) gjekk tidleg i haust ut med ei pressemelding der dei sjølve "nominerte" seg på første og andre plass.
Det var med godkjenning frå nominasjonskomitéen sin formann, Hallgeir Langeland, og det var det også mange som reagerte på.
Ein av medlemmene i komitéen, Jan Refsnes frå Sandnes, reagerte så sterkt at han trekte seg frå arbeidet med å finne dei rette kandidatane.
Jan Refsnes frå Sandnes SV har stått i fronten for at Heidi Bjerga skal toppa nominasjonslista.
Foto: Ingvald Nordmark / NRKOg at tilhøvet mellom han og leiar i nominasjonskomitéen Hallgeir Langeland ennå ikkje er reparert, kom tydleg fram i avslutningsorda til Langeland, då han forklarte prosessen sine mange krumspring for nominasjonsmøtet i dag.
– Det var godt at Jan Refsnes trekte seg, slik at me fekk ein skikkeleg prosess i valkomitéen, sa Langeland.
Nominasjonskomitéen sin leiar, Hallgeir Langeland, er den siste som har representert SV frå Rogaland på Stortinget. Han sat i fire periodar, fram til 2012.
Foto: Eirik Gjesdal/NRKDå slo Refsnes i bordet, reiste seg frå stolen og slo fast at "slik som dette kan me ikkje ha det!".
Tydlege valkampsaker
Solfrid Lerbrekk var klar i sin tale om kva saker ho kom til å prioritera i valkampen.
Det var 61 stemmeføre SV-arar på nominasjonsmøtet. 33 gjekk for Solfrid Lerbrekk. 28 stemte for Heidi Bjerga.
Foto: Ingvald Nordmark / NRKIkkje overraskande, for ei kvinne frå LO-systemet, så var det kamp mot arbeidsløysa og kamp for skikkelege arbeidskontraktar.
Ho nemnde korttidskontraktar i arbeidslivet, som noko ho skulle kjempe imot.
For ung og urutinert
Mangel på rutine og det å koma frå det ukjente. Dette var argumenta som blei brukt mot Lerbrekk i debatten før valet.
Solfrid Lerbrekk på talarstolen under nominasjonsmøtet til SV i Rogaland.
Foto: Ingvald Nordmark / NRKMen fleirtalet ville satsa på ein ny kandidat og gav 26 år gamle Solfrid Lerbrekk sin støtte.
– Hjarta mitt banka nok både hardt og fort under sjølve valet, men nå er eg glad og skal snart byrja på ei reise rundt til alle lokallaga i fylket, for å førebu valkampen neste år, seier Lerbrekk.