Hopp til innhold

250 husstandar på Haugalandet utan straum

Om lag 250 kundar hos Haugaland kraft er framleis utan straum på grunn av uvêret dei siste dagane.

Varsler høy strømpris

Mange blei straumlause i uvêret i Rogaland. Laurdag er framleis 250 straumlause på Haugalandet.

Foto: Tor Richardsen / Scanpix

– Dette er i hovudsak folk på Feøy i Karmøy kommune. Elles er det kundar rundt om på Haugalandet, fortel John Harald Jakobsen i Haugaland kraft.

Når det blir lyst laurdag morgon vil kraftselskapet halda fram arbeidet med å kartlegga feila på straumnettet.

– Me har ein god del jobb føre oss. Uvêret har tatt seg ned, men det ligg ganske mange tre rundt omkring som har gjort skade, seier Jakobsen.

Hos Lyse har nå dei alle fleste straumlause kundane fått straumen tilbake.

– Det kan kanskje vera to kundar som framleis er utan straum. Våre montørar har jobba med begge sakene, og forhåpentlegvis er alt i orden, opplyser Ingvild Ween i Lyse.

Ho fortel at Lyse kan bli nøydde til å kopla ut straumen nokre plassar i dag medan dei rettar feil.

– Me har fått på plass mange provisoriske løysingar etter uvêret, så mykje arbeid står att. Det viktigaste er uansett at folk har fått straumen tilbake.

Les også: Skader for fleire titals millionar