Hopp til innhold

Sakna 25-åring truleg funnen død i Stavanger

25-åringen blei sist sett på ein utestad natt til 17. mai. No har politiet funne ein mann i sjøen, som dei trur er den sakna.

Leitar etter Johannes Vagle i Stavanger

Dykkarar fann ein død kropp i sjøen sundag føremiddag.

Foto: Erik Waage / NRK

Litt før klokka 12 sundag fann dykkarar frå brannvesenet ein død person ved Skagenkaien i Stavanger.

Politiet trur det kan vere den sakna 25-åringen, som sist vart sett 00.15 natt til 17. mai.

Kroppen er no frakta til Stavanger universitetssjukehus for obduksjon og stadfesting av identiteten. Dette arbeidet vil starte måndag morgon.

Familien er informert om funnet.

Dykkar etter sakna mann i Stavanger

Dykkeaksjonen etter den sakna 25-åringen starta rundt klokka 10 sundag føremiddag.

Foto: Erik Waage / NRK

Ingen teikn etter 16. mai-fest

25-åringen skal sist ha blitt observert ved utestaden Heidi's Bier Bar rundt klokka 00.15 natt til 17. mai.

Den sakna skal ha sendt melding til ei venninne på Messenger klokka 00.21. Etter det fann ikkje politiet nokre kontaktpunkt – korkje vitne, observasjonar eller telefonsignal.

Heidi's Bier Bar Stavanger

Det var utanfor Heidi's Bier Bar at Johannes Kverneland Vagle (25) sist blei sett.

Foto: Erik Waage / NRK

Uventa, men ikkje mistenkjeleg

Det var vener av 25-åringen som melde han sakna laurdag 18. mai klokka 16.19. Straks byrja politiet å etterforske saka.

Erik Håland

Erik Håland i Sør-Vest politidistrikt.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Me har snakka med vakter på Heidi's Bier Bar og tok kontakt med vitne for observasjonar, seier etterforskingsleiar Erik Håland i Sør-Vest politidistrikt.

Mannen har verken vore heime, hos familie eller på jobb sidan han forsvann. Politiet såg på hendinga som uventa, men ikkje mistenkjeleg.

– Me arbeider ut frå fleire hypotesar. Hovudhypotesen er at avdøde har forulukke ved at han har falt ut i sjøen og drukna, seier etterforskingsleiar Håland.

Politiet har også prøvd å hente inn videoovervaking. Dette vil dei først få måndag morgon.

Søker etter sakna 25-åring

Brannvesen og politi dykkar etter 25-åringen ved staden han sist blei sett.

Foto: Erik Waage / NRK

– Kjempeinnsats frå venene

Vener av 25-åringen dykka laurdag kveld i sjøen i nærleiken av utestaden i Stavanger.

– Dei har gjort ein kjempeinnsats, seier Håland.

Politiet venta med å dykke til det blei lyst sundag føremiddag, og starta søket rundt klokka 10.00. Det var like før klokka 12 at dei fann kroppen i sjøen.