Hopp til innhold

Her skulle 1500 ungar spelt fotball – turnering avlyst på grunn av korona

Fotballturneringar for barn i Karmøy og Stavanger er avlyste, medan ei stor turnering i Bergen blir gjennomført om planlagt.

Storhall Karmøy – Eat Sleep move-cup avlyst på grunn av korona

TOMT: Meir enn 1500 ungar mellom seks og elleve år skulle spelt fotball i Storhall Karmøy i helga. Det blir det ikkje noko av.

Foto: Frank Vea

I Karmøy bestemte kommunen at Eat Move Sleep Cup i Storhall Karmøy måtte avlysast for å unngå smitte av koronaviruset. Avgjersla blei tatt seint fredag kveld.

– Vi beklagar dette overfor alle som blir skuffa og overfor alle frivillige, skriv Karmøy kommune på heimesidene sine.

Styreleiar i arrangørklubben SK Vedavåg, Frank Vea, synest det er leitt.

– Det er klart ein blir skuffa, dette var trist. Men med alt som har skjedd dei siste vekene, visste vi at det kunne skje, seier han.

... men som planlagt i Bergen

Meir enn 200 lag var melde på, og til saman skulle over 1500 ungar mellom seks og elleve år vore samla.

Klubben fekk beskjed om avgjersla seint fredag kveld. Laurdag morgon trur Vea dei har klart å få sagt frå til alle laga. Saman med resten av apparatet pakkar han saman det som skulle ha vore eit digert arrangement.

I Bergen går derimot fotballcupen Søtt og Salt-cupen 2020 som planlagt, trass i at 311 lag med over 2500 unge fotballspelarar blir samla i Vestlandshallen i Åsane laurdag og sundag.

Styreleder Jostein Nesse i Åsane Fotball Damer

DROPPAR HELSING: Ei fotballturnering i Bergen blir gjennomført, men laga blir oppfordra til å droppe Fair Play-helsing med handtrykk eller high five, ifølgje styreleiar i arrangørklubben Åsane Fotball Damer, Jostein Nesse.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

– Med foreldre og støtteapparat er vi nok oppe i rundt 4000 menneske. Men det vil maks vere 600–700 i hallen samstundes, seier styreleiar i arrangørklubben Åsane Fotball Damer, Jostein Nesse.

Kommunen sa ja

Klubben fekk difor grønt lys av Bergen kommune fredag kveld. Fredag bestemte kommunen å stoppe arrangement med meir enn 1000 menneske kor det blir servert mat og/eller drikke.

Berre tre lag har trekt seg frå turneringa. Ifølgje Nesse har dei berre fått fire e-postar om koronafaren i forkant.

– For å redusere smittefaren har vi oppfordra laga til å droppe Fair Play-helsing med handtrykk eller high five før og etter kampen, seier Nesse.

Avlyst i Stavanger

Også ei fotballturnering for barn i Stavanger-klubben Viking er avlyst – av klubben sjølv.

Vår Egergi Knotteturnering i Viking utsatt på grunn av koronasmitte

UTSETT: Viking skulle hatt turnering for 161 lag med over 1300 barn mellom seks og ni år i Vikinghallen laurdag og sundag. Turneringa er utsett til seinare.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Fleire av barneskuleelevane som er i karantene speler òg fotball i klubben. Under arrangementet hadde det kome til å vore meir enn 1000 personar i hallen samstundes, skriv klubben på heimesidene sine.

161 lag med barn mellom seks og ni år skulle ha vore med.

Har store mengder mat

East Sleep Move-turneringa i Karmøy er eit samarbeid mellom Norges Fotballforbund, Bama og Eat. Sunn mat er ein del av samarbeidet, og difor hadde SK Vedavåg mykje mat dei likevel ikkje fekk delt ut til spelarane. Laurdag jobba dei med å få gitt vekk maten.

Opphavleg skulle 227 fotballag delta i Karmøy-turneringa. Eitt lag trekte seg, så 226 lag skulle stilt til start.