Hopp til innhold

22-åring døde etter arbeidsulykke i Klepp

Den 22 år gamle mannen som hamna under ein dumper, blei onsdag ettermiddag erklært død på sjukehuset.

Ulykke på Klepp byggeplass

Ulykka skjedde då dumparen velta over sjåføren på ein byggeplass i Klepp.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Det opplyser politiet om på Twitter. Dei har fått melding frå Stavanger universitetssjukehus (SUS), som seier mannen blei erklært død klokka 16.45. Dei pårørande er varsla.

Saka blir etterforska saman med Arbeidstilsynet.

Det var i føremiddag naudetatane rykka ut til Sofie Steinnes veg i Klepp etter melding om ei arbeidsulykke.

– I forbindelse med bygginga av eit nytt bustadfelt velta ein dumper. Sjåføren datt ut, og kom i klem under dumparen, seier operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Sølvi Ravndal.

Skaden såg alvorleg ut, og den 22 år gamle sjåføren vart frakta til SUS.

Klokka 13.05 melde SUS at mannen er kritisk skadd, og at tilstanden er ustabil.

– Politiet har vore på staden. Dei har gjort undersøkingar av bilen, og avhøyr av dei som var til stades, seier Ravndal.

Klepp