Hopp til innhold

200.000 bustadeigarar må venta på skatteoppgjeret

For dei aller fleste er skatteoppgjeret klart i morgon. Likevel må 200.000 bustadeigarar smørja seg med tålmod - dei har nemleg ikkje opplyst om storleiken på bustaden sin.

Norske penger

Omlag 200.000 personar har verken oppgitt storleiken på bustaden sin i sjølvmeldinga eller på spesialskjema.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

LISE HALVORSEN

– Bustadeigarane må rapportera inn storleiken så snart som råd, seier informasjonsdirektør i Skatteetaten Lise Halvorsen.

Foto: Knut Falch / SCANPIX

Årsaka til at mange ikkje får skatteoppgjeret sitt klargjort på fredag er at dei ikkje har opplyst om storleiken på bustaden dei eig. Verken på spesialskjema i vinter, eller då dei leverte sjølvmeldinga.

– Når dei ikkje har fylt dette ut kan heller ikkje me gjera ferdig skatteoppgjeret, seier Informasjonsdirektør i Skattedirektoratet Lise Halvorsen.

Kan tapa pengar

– Berre i Rogaland er det 17.000 som ikkje får oppgjeret sitt på fredag på grunn av dette, totalt på landsbasis dreiar det seg om 200.000 bustadeigarar, seier Halvorsen.

I år måtte alle som har eigen bustad skriva ned fleire opplysningar om bustaden sin enn det som elles har vore vanleg i sjølvmeldinga. Dette på grunn av at bustader med heilårsbruk nå har ein heilt ny likningsverdi.

Dersom dei som ikkje har oppgitt areal på bustaden sin heller ikkje gjer det, kan dei risikera at Skatteetaten sjølv oppgjer eit areal ut frå skjønn.

Det kan i verste fall bety at folk kan tapa pengar.

Ikkje for seint

– Det er for seint å få skatteoppgjeret i morgon, men bustadeigarane kan unngå skjønnslikning seier avdelingsdirektør i Skatt Vest, Marta Johanne Gjengedal.

– Dei må gå inn på sjølvmeldinga si på nett og fylla ut arealet og senda meldinga inn på ny. Om dei ikkje gjer det vil beløpet dei skal skatta for, altså formuen på bustaden bli fastsett med skjønn, seier Gjengedal.

Totalt vil Rogalendingar få tilbakebetalt nesten 2 milliardar skattekroner. I snitt blir det 10.500 kroner per person som har skatt tilgode.

Samstundes må drygt 42.000 rogalendingar betala 550 millionar kroner i restskatt. I snitt blir det 13 tusen kroner per skatteytar.