NRK Meny
Normal

Folk i alle aldrar la på svøm i Stokkavatnet

For femte året på rad blir Stavanger open water og Stavanger swimrun arrangert. Talet på deltakarar aukar for kvart år.

Omlag 200 deltar i helga på Stavanger swimrun og Stavanger open water.

I dag blei Stavanger swinrun arrangert. Deltakarane må både symja og springa.

– Det var kjempekjekt. Og eg vil gjerne vera med neste år, seier Arne Stømer-Johansen, etter at han har sprunge i mål i Stavanger Swimrun i dag.

Han deltok i klassen for dei mellom 10 og 12 år. I konkurransen symjar dei 100 meter og så spring dei ein kilometer.

– Det var tungt, men det er jo kjempekjekt å konkurrera. Så det var absolutt verd det, seier Stømer-Johansen.

Arne Stømer Johansen

Arne Stømer-Johansen deltok i klassen for dei mellom 10-12 år.

Foto: Anders Fehn / NRK

Auka interesse

– Det er veldig god stemning her, me er veldig godt nøgde så langt, seier stevneleiar, Geir Andersen.

Det er femte året på rad at Stavanger swimrun og Stavanger open water blir arrangert. I år er omlag 200 deltakarar påmelde til arrangementa, som går over to dagar.

Det er fleire enn tidlegare, interessa har auka for kvart år, fortel stevneleiaren.

Vil at det skal vera noko for alle

Målet deira er å nå flest mogleg.

Geir Andersen

Geir Andersen er stevneleiar på Stavanger Swimrun og Stavanger openwater.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Me vil at dette skal vera noko for alle. Difor har me både korte øvelsar, og lange øvelsar. Og me har øvelsar for dei på ti år, opp til vaksne folk. Og blant dei som deltek er det både elitesymjarar, og vanlege folk, seier Andersen.

Og på spørsmålet om det blir arrangert fleire slike stevner i Stokkavatnet er han ikkje i tvil.

– Dette er noko som har kome for å bli, seier Andersen.