Gigantisk ransjakt
Ranet av NOKAS og drapet på politimannen Arne Sigve Klungland utløyste norgeshistoriens største politietterforsking. Over 100 politifolk har i lengre periodar arbeidd med saka, omlag 70 har arbeidd jamnt med etterforsking.
Justisdepartementet har løvyd ekstra pengar til Rogaland politidistrikt. Fram til no har truleg etterforskinga kosta over 65 millionar kroner, omlag det same som ransutbyttet. Då er ikkje rettssaka rekna med.
Mange bitar på plass
Politiet trur dei har teke dei fleste som var med på sjølve ranet. Politiet trur at 11-12 personar var aktivt med på Domkirkeplassen. Ein eller kanskje to er enno ikkje tekne.
19 personar, 18 menn og ei kvinne er sikta. To av dei sikta er på rømmen. 13 sit i fengsel, medan fire av dei sikta er sett fri.
Politiet trur fleire medhjelparar enno ikkje er tekne.
To på rømmen
To av dei sikta er etterlyste, men ikkje tekne. Politiet veit ikkje kvar dei to er, og har i det siste bede dei om å melde seg.
Jusuf Hani (24) og David Aleksander Toska (29), er begge på rømmen. Dersom dei er i land som Norge ikkje har utleveringsavtale med, kan det ta svært lang tid å få dei til landet, dersom dei vert tekne.
Tause vitner
Politiet må i stor grad basere seg på tekniske bevis. Dei sikta har i svært liten grad forklart seg. Men politiet meiner dei har tekniske bevis som knyttar mange av dei sikta til saka.
Eit av dei aller viktigaste funna i saka gjorde brannvesenet i Drammen då dei fann fleire bager med ransutstyr i Drammensfjorden. Gjennom dette funnet har politiet sikra seg mange spor som har vore med på å knytte fleire personar til saka.
Også i lastebilen som ranarane køyrde inn i utgangen til politigarasjen gav mange spor. Planen var at bilen skulle brenne opp, men brannvesenet sløkte brannen raskt. Dermed vart ikkje dei tekniske spora øydelagde.
Drapsvåpen truleg funne
Gjennom bagfunnet i Drammen fann også politiet fram til eit lager der våpen var oppbevarte.
Eit av våpena var eit AG3 gevær. Våpenet kan vere drapsvåpenet som vart brukt mot politimannen Arne Sigve Klungland.
Tiltaler før sommaren
I løpet av få veker skal politiet ha klar innstillinga til tiltaler som Statsadvokaten skal ha. Tiltalane skal etter planen vere klare før sommaren.
Rettssaka startar 19. september. Førebuingane har vore i gang i lang tid, men det er enno ikkje kjent kva lokale som skal huse den omfattande saka. Saka kjem også etter alt å døme uansett å verte anka til lagmannsretten. Endeleg dom er truleg ikkje klar før neste sommar.