NRK Meny

175 JOBBAR KUTTA I AKER SOLUTIONS:

Aker Solutions har varsla på eit allmøte at dei vil kutta ytterlegare 175 stillingar i avdelinga for vedlikehald og modifikasjon, etter at Statoil utset Zidane-prosjektet. Det skriv Stavanger Aftenblad. Aker har totalt kutta 575 stillingar i år. Dei fleste har fått tilbod om overføring til bemanningsselskapet Aker Advantage, som prøver å finna nye stillingar til dei som vert råka av kutta.