Hopp til innhold

Gut (17) dømt for å skyta rakett på politibil

Ein av gutane som skaut fyrverkeri på politiet på Varhaug nyttårsaftan 2021 har fått ein dom på 15 dagar fengsel.

Det var nyttårsaftan 2021 politiet på Jæren opplevde at fleire ungdommar skaut rakettar mot dei.

I dommen forklarer politiet seg på følgjande måte om den kaotiske kvelden på Varhaug:

«Området var røyklagt og raketter ble skutt langs bakken mot bygninger og folk. Da politiet satte på blålys, løp det ungdommer i alle retninger. Polititjenestemennene snakket med ungdommene og formante dem om å være forsiktige.»

Les også Sendte fyrverkeri på politibil: – Total mangel på respekt

Varhaug fyrverkeri (hentet fra mobilvideo)

Hadde videobevis

Då dei sette seg tilbake i politibilen blei dei likevel angripne med rakettar. Ifølgje politiet smalt og gneistra rakettane under, bak og langs sidene på politibilen dei sat i.

Politiet kunne ikkje sjå kven som stod bak ugjerninga, men ein video som dei fekk fatt i har nå ført til at ein 17-åring nå er dømt i Sør-Rogaland tingrett.

Det var mange som filma då ugjerninga skjedde.

Han har fått ein fengselsdom på 15 dagar på vilkår. Dersom han gjennomfører ei ungdomsoppfølging i konfliktrådet på fem månader, må han ikkje i fengsel.

Det var Jærbladet som først omtalte saka.

– Me har nettopp fått dommen, og framleis ikkje tatt stilling til om han skal ankast, seier forsvararen til 17-åringen, Kristine Yrke.

Han er dømt for straffelovens paragraf 155. I retten erkjende han dei faktiske forhold, men nekta straffskuld.

Ville tøffa seg

17-åringen skal ha gitt uttrykk for at han angra. I dommen står følgjande:

«Han har vist til at han avfyrte batteriet for å tøffe seg for de andre ungdommene, noe han mener var en impulsiv og dum handling»

Politikontakt i Hå kommune, Lars Risa Taksdal, sa at dei såg særs alvorleg det som hadde skjedd like etter hendinga.

– Det gjekk heldigvis godt, og førte ikkje til skadar på verken politiet eller bilen, men det er ofte berre flaks. Eg vil kategorisera det som ei alvorleg sak, og utfallet kunne ha blitt annleis.

Flere nyheter fra Rogaland

Stromma sin buss står parkert ved nasjonalmonumentet Haraldshaugen i Haugesund.

Kjører ulovlig flere steder i landet

Haaland på Café Jærbuen

Haaland måtte ha to porsjoner kjøttkaker