Hopp til innhold

1600 år gamalt smør er framleis etande: – Dette er av prima kvalitet

Ei ny utstilling prøvar opne auga dine for kor unik myra er – ved å vise fram fleire tusen år gamalt hår og meieriprodukt.

Smør funnen i ei myr på Jæren

I 1917 vart denne smørklumpen funnen i ei myr på Madla i Stavanger. Smøret er truleg frå eldre jernalder, altso år 430–560 e.kr.

Foto: Odin Omland / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Då det smøret kom inn til museet, var det ein konservator som smakte på det. Det smakte ganske harskt, men det var faktisk etande enno, seier Kristin Armstrong-Oma.

Ho er professor i arkeologi og arkeolog sjølv ved Arkeologisk museum i Stavanger.

– Dette er smør av prima kvalitet.

Ho leiar no ei ny utstilling som skal prøve få folk til å setje pris på våt mose og gjørme, tørre tursko sin verste fiende – myra.

Klimaløysinga som forsvinn

Myra er under press. Den berre står der, eignar seg dårleg til beite, ein kan ikkje dyrke mat eller byggje vegar og hus der.

Difor har menneskje i lang, lang tid grave grøfter, drenert jorda og øydelagt myrer. Men dette er sjølvsagt meir effektivt med gravemaskiner og lastebilar enn spade og spett.

Dei siste åra har ein likevel snakka fram myra meir – den lagrar nemleg svære mengder CO₂.

Les også Klimabombene ingen tenkte på

Myr, Ørskogfjellet

Kristin Armstrong-Oma

Kristin Armstrong-Oma er lidenskapeleg oppteken av myra, både som klimaløysing og arkeologisk skattekiste.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Nokre myrer er blitt verna dei siste åra og nokre lover har gjort det vanskelegare å byggje ned våtmarksområde.

Men (for det er alltid eit men i klima- og miljøsaker):

– Sjølv om eit område vert teke vare på, so eksisterer det jo ikkje i eit vakuum, seier Armstrong-Oma.

Sør for Bryne i Rogaland ligg Linemyra.

Med sine 60.000 kvadratmeter er området verna.

Men myra er omkransa av skog, jorde som vert gjødsla og industri.

Pollen, treverk og daude menneskje, sjølvsagt

Myra er som eit slags naturleg bibliotek.

Lag på lag, meter etter meter, ligg organisk materiale under mosen. Planter, pollen, treverk, daude dyr og restar etter menneskje – alt ligg klart for den som ynskjer å grave i arkivet.

I myrene på Jæren har dei funne mat, slik som smøret, men også meir personlege gjenstandar. Slikt som hovudskallar, bein og fletta hår.

– Myra er liksom ein portal inn i ei anna verd, seier arkeologen.

Myr er oksygenfattig og ein del kjemiske prosessar føregår nedi der. Desse bidreg til at slikt som ein hovudskalle av ein kvinneleg bonde frå Jæren kan overleve i nær 4000 år.

Her har ein også funne ein hårlokk lagt ned for kanskje 2000 år sidan.

– Nokre har tenkt at det kanskje er noko kvinner gjorde når dei aborterte. Ei gåve til gudane for å få eit nytt, friskt barn. Det er ei tolking, men det finst veldig mange andre, seier Armstrong-Oma.

Menneskerestar funnen i myr

Menneskjerestar er ofte å finne i norske myrer.

Foto: Odin Omland / NRK

Håpar at folk vil bry seg meir

Målet med utstillinga er at fleire skal bry seg om den våte mosen og gjørma – nettopp for historia og CO₂en som ligg under den.

Myra er truga i Noreg.

– Særleg ved at vi byggjer vegar gjennom dei, legg kjøpesenter oppå dei, dyrkar dei og brukar dei som plantefelt, seier arkeologen.

Ofte vert myra brukt til samfunnsnyttige ting som matproduksjon, bustadområde, infrastruktur eller arbeidsplassar.

– Men so er spørsmålet kor samfunnsnyttig det eigentleg er. Det er ganske nyttig å ha ein flaumdempar og eit naturleg CO₂-lager – og ikkje minst det fantastiske økosystemet som myra er, seier Armstrong-Oma.

Ulike typar mose utstilt på Stavanger arkeologiske museum

– Mose er ikkje berre mose, seier arkeologen. Og sjølv om utstilling av ulike typar mose gjerne er for dei spesielt interesserte, er det mykje spanande under bakken.

Foto: Odin Omland / NRK
Smør funnen i ei myr

Kanskje der ligg eit brød eller to til smøret gøymd nedi myrene rundtom?

Foto: Odin Omland / NRK