Hopp til innhold

16-åringar skadde i bilulukke

Minst to av dei fire som vert skadde i ei trafikkulukke ved Lomeland i Eigersund i ettermiddag er jenter i 15-16 årsalderen.  Ei 16 år gammel jente fekk alvorlege hodeskader og er under intensiv behandling.

Trafikkulykke ved Lomeland i Eigersund
Foto: Øystein Ellingsen, Egersund / NRK

Ei jamnaldrande jente fekk lettare hodeskader og er til undersøking. Tilstanden er stabil for begge.

I tillegg kom to personar lettare til skade i ulukka. Det var fem personar i bilen som kjørte utforbi vegen.

 Ulukka skjedde på riksveg 42, omlag ein kilometer sør for Krossmoen på E-39.  

Dei fire, som er skadde, vart alle frakta til sjukehus. 

Politet undersøkjer nå kva som kan ha vore årsaka til utforkjøringa.