Hopp til innhold

16-åring påkøyrd i fotgjengarfelt

Ein gut på 16 år er sendt til Stavanger universitetssjukehus etter at han vart påkøyrd i eit fotgjengarfelt på Hundvåg i dag tidleg.

Hundvåg

Det var klokka 08:30 i dag tidleg at politiet fekk melding om at ein person hadde blitt påkøyrd i eit fotgjengarfelt i Hundvågkrossen.

Naudetatar rykka ut til staden.

Ein 16 år gamal gut vart frakta i ambulanse til Stavanger universitetssjukehus.

Klokka 11 melder sjukehuset i Stavanger at tilstanden til gutten er stabil og at han er lettare skadd.

Politiet melder at dei har teke beslag av førarkortet til ein 54 år gamal taxisjåfør etter ulykka.