Hopp til innhold

15 voldtektstips

Heile femten tips har politiet i Klepp fått etter at dei igår gjekk ut med ein fantomteikning av valdtektsmannen, som slo til like ved Frøylandsvatnet den 15. april.

Nokre tips går på observasjonar av personar,  som kan likna personen på fantomteikninga. 

 

 

Fantomteikning av valdtektsmann i Klepp
Foto: Politiet

Andre tips går på namngittet personar, som tipsarane meiner dei kjenner igjen frå teikninga.

Det seier lensmann i Klepp, Hans Kyllingstad.

 

- Foreløpig er det ikkje snakk om noko gjennombrot i etterforskinga, seier likevel Kyllingstad.

Men i løpet av ettermiddagen kjem politiet til å ta ein alibisjekk på dei som er namngitte av tipsarane.

Valdtekt ved Frøylandsvatnet

Valdtekten skjedde den 15. april, i ei hytte like ved turstien langs Frøylandsvatnet.

Gjerningsmannen skal ha trua med kniv, ført kvinna inn i hytta og  gjennomført voldtekten der.