Hopp til innhold

15-åringar tok overdose med Snapchat-narkotika

To 15 år gamle gutar måtte sist veke leggast inn på sjukehuset i Stavanger med pustevanskar og kraftige kramper. Dei hadde tatt narkotika kjøpt på Snapchat.

LSD

Det blir seld som LSD, men ingen veit heilt sikkert kva papirlappane inneheld. Dette er nokre av beslaga politiet i Stavanger og Stavanger tollsted har gjort den siste tida.

Foto: Politiet

Ungdommar kjøper fargerike lappar gjennom Snapchat, som dei legg på tunga si for å få ein rus.

Problemet er berre at ingen har kontroll på kva stoff som eigentleg er spraya på lappane.

Pustevanskar og kraftige kramper

Sist veke måte to 15-åringar leggast inn på Stavanger universitetssjukehus med overdose. Dei trudde det var LSD dei hadde kjøpt, men lappane har truleg hatt eit anna stoff på seg.

– I utgangspunktet skal du ikkje kunne ta ei overdose på LSD. Her ser det ut som det har blitt blanda i andre stoff i denne «LSD»-dosen som ungdommane tok, seier Kathrine Sæland Rotseth, som er politioverbetjent ved Sør-Vest politidistrikt.

Då 15-åringane blei lagt inn hadde dei vanskar med å pusta og dei hadde kraftige kramper.

– Det går bra med dei nå, men dei er veldig skremde av det dei har opplevd. Nå får dei ei fagleg og førebyggande oppfølging, seier Sæland Rotseth.

Åtvarar om ufarleggjering

Det er ikkje lenge sidan politiet i Sør-Vest sist gong var ute og åtvara om at ungdommar tar denne type narkotika. Då kom det også fram at talet på personar under 18 år som er melde for narkotikakriminalitet i Stavanger er dobla sidan i fjor.

Etter NRK skreiv den saka i november har politiet meldt om ei 12 år gamal jente som også måtte ha hjelp av helsepersonell etter at ho hadde tatt noko som ho trudde var LSD.

I dag går dei ut igjen og fortel om dei 15 år gamle gutane som måtte få helsehjelp sist veke.

– Me vil åtvara mot ei ufarleggjering me ser hos ungdom, seier Rotseth.