NRK Meny
Normal

15-åring påkøyrd på Kleppe

Ein 15 år gamal gut har blitt påkøyrd av ein bil i Verdalsveien i Kleppe, melder politiet. Guten er frakta til Stavanger universitetssjukehus i helikopter.

Trafikkuhell på Kleppe

Ein 15-år gammal gut blei onsdag ettermiddag påkøyrd på Verdalsveien i Klepp.

Foto: Magnar Larsen

Guten (15) skal ifølgje politiet ha sykla inn i ein bil på Verdal i Klepp like før klokka 16.

Guten var medviten då han blei frakta til sjukehuset. Han skal ha blødd litt frå munnen.