Hopp til innhold

- Om du er 15 år eller 45 år spelar ingen rolle - er du god så er du god

Lite kan stoppa Stavanger-jenta Therese Åsland på 15 år. I morgon debuterar ho i kvinnefotballen sin øvste divisjon.

Video 15 åring debuterer i toppserien

I morgon debuterar Therese Åsland for Klepp IL. (Foto: Odd Rune Kyllingstad)

– Dei jentene som stod i vegen sprang ho berre rett ned då ho var mindre, seier storebror til Therese Åsland, Stavanger Oilers spelar Patrick Åsland.

Hjelper kvarandre

Dette seier kanskje litt om pågangsmotet til den unge jenta som nå er klar for debut i toppserien. Om morgonen mens andre ligg å søv er ho ute og joggar saman med sin bror.

Han har lært litlesystera si at det er hardt arbeid og god innsatsvilje som gjeld om ho vil bli skikkelig flink i idretten sin. Og saman hjelper toppidrettsutøvarane kvarandre fram:

– Han hjelper meg med fysiske øvingar som situps, medan eg tar han med ut på løpeturar, seier det unge idrettstalentet.

Gler og gruar seg

I fjor spelte ho for førstedivisjonsklubben Sola, men nå har ho signert ein eitt-års kontrakt med Klepp i toppserien. Ein divisjon Åsland ser fram til å spela i.

– Eg har aldri spelt i toppserien og gler meg sjølvsagt. Eg trur det blir bra, men eg gruar meg litt også, seier ho.

Ho satsar på å spela seg inn i første ellevaren allereie i løpet av den første sesongen, noko ho trur ho kan klara trass alderen hennar:

– Om du er 15 år eller 45 år spelar ingen rolle, er du god så er du god.

Broren får mykje av æra

Og klepptrenar Tommy Andrè Velde har berre positive ord å koma med:

– Ho har ein utroleg vilje til å bli god, og ho jobbar knallhardt med det. Ho har også godt driv med ballen og eit stort engasjement, seier Andrè Velde.

Sjølv gjer Åsland mykje av æra til bror sin for at ho er så god som ho er:

– Ein av styrkane mine er jo at eg er litt sterk, og det er mykje på grunn av at eg har sloss mykje med Patrick, seier ho.