Hopp til innhold

15-åring alvorleg skadd i motorsykkelulukke

Ein 15 år gammal gut er alvorleg skadd i ei motorsykkelulukke på Elgane motorsportbane på Varhaug på Jæren laurdag morgon.

Elgane Motorsportarena

Politiet fekk melding om ulukka rett før klokka 9 laurdag.

– Ulukka skjedde under eit arrangement på lukka område, fortel operasjonsleiar Kjetil Føyen i Sør-Vest politidistrikt til NRK.

15-åringen er alvorleg skadd, ifølge politiet.

– 15-åringen fekk rask behandling av helsepersonell og blei frakta til Stavanger universitetssjukehus. Han er nå på sjukehus saman med far sin, som også var med på arrangementet, opplyser Føyen.

Politiet veit ikkje meir om ulukka enn at den skjedde på eit lukka område og at 15-åringen køyrde ein motocrossykkel.

Ifølge Stavanger Aftenblad skjedde ulukka under eit norgesmeisterskap i motocross.

Avisa har vore i kontakt med arrangøren som ikkje ønsker å kommentera hendinga laurdag morgon.

Laurdag føremiddag melder Stavanger universitetssjukehus at tilstanden til 15-åringen er alvorleg, men stabil.