– Eg har gledd meg kjempelenge, det er kjempegøy å endeleg vere her, seier Bror de Vries frå Stavanger.
– Eg trur det er noko heilt ekstremt me har i vente her, seier Eskild Ahlquist, også han frå Stavanger.
Begge er meir enn klare for årets Landstreff (LS) i Kongeparken. Tryggleiken er dei ikkje bekymra for.
– Nei, for det er så mange vakter, politi og vaksne her, seier dei.
Bror de Vries og Eskild Ahlquist er klare for LS 2019. Dei kjenner seg trygge i Kongeparken.
Foto: Ole Andreas Bø / NRKIfølgje presseansvarleg for LS, Aasmund Lund, er tryggleiken svært viktig for arrangørane.
– Er det ein plass eg hadde sendt ungane mine, så er det her, seier Lund.
Berre i Sør-Vest politidistrikt har det vore over 400 oppdrag knytt til russen i år. I politidistrikta kring Oslo har det også vore ein høglydt start på russefeiringa.
Trass dette trur arrangøren at russetreffet kjem til å gå fint føre seg.
– Tryggleik er det viktigaste me gjer. Me har profesjonelt vakthald, i tillegg til politiet. Men det er opp til russen å oppføra seg, seier Lund.
Aasmund Lund er presseansvarleg for Landstreffet i Kongeparken, og trur at treffet er tatt til nye høgder i år.
Foto: Eirik Gjesdal / NRK9000 dugnadstimar i helga
Russen har fått 380 mål å boltra seg på i Kongeparken, i Gjesdal kommune, som for helga er endra til ein russelandsby.
1500 menneske skal jobba under LS, og det er forventa at 9000 dugnadstimar vert lagt ned. 400 vakter, i tillegg til politi og Røde Kors er også på plass.
– Me har jobba tett med arrangøren over lang tid, og er godt førebudd. Men me har vore med på LS i mange år, og dette er ikkje nytt for oss. Me har trua på at dette blir bra, seier fungerande stasjonssjef på Sandnes politistasjon, Elisabeth Vårland.
Skal stoppa kriminalitet med Snapchat
Nytt frå året er at politiet er på Snapchat under LS. Målet er at russen enkelt skal kunna tipsa politiet om dei ser eller opplever noko dei synest politiet bør vite.
– Samstundes kan russen sende tips, få råd og rettleiing, seier Grete Winge, leiar for Felles eining for kriminalitetsførebygging.
Under Landstreffet for russen i Kongeparken 3.–5. mai skal politiet vera på Snapchat.
Foto: Politiet.noNamnet på politiet sin snapchatkonto er politikongepark.
– Nesten halvparten av dei me stoppar ved inngangen, har allereie lagt oss til. Eller så har mora sagt at dei må gjere det. Me har fått mange positive kommentarar fra russen om at me er på Snapchat, seier Winge.
Politiet vil også vera til stades med narkotikahundar, uniformert- og sivilpoliti.
– Fullverdig musikkfestival
Dei siste åra har landstreffet hatt eit auka fokus på musikalske innslag – og ifølge arrangøren har dei i år tatt arrangementet til nye høgder.
– Me er no ein fullverdig musikkfestival, og me er Noregs beste og største festival for 18–19-åringar.
Fredag ettermiddag byrjar Kongeparken å fyllast opp. 14.500 russ er venta denne helga.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK32 artistar er klare til LS 2019, blant anna skal Tiësto, Alan Walker, Wiz Khalifa, Cezinando, Karpe og Sigrid spela.
Musikksjef Daniel Ramberg i NRK P3 meiner årets LS minner om ein god festival.
– Eg synest det er veldig bra at dei har fått plass til norske artistar i ulike sjikt. Det trur eg er sunt for norsk musikk, og for russen, seier han.