Hopp til innhold

120 vogntog i kø - men nå går ferjene

120 vogntog står i kø nord for Arsvågen ferjekai på E39 i Rogaland. Nå får alle bli med på ferja over Boknafjorden og det er venta at køen snart er borte.

Lang kø nord for Arsvågen ferjekai.

120 vogntog står i dag i kø på E39 nord for Arsvågen.

Ferjesambandet over Boknafjorden, som bind saman sør og nord i Rogaland, er nå i drift igjen. Det går fredag ettermiddag tre ferjer i sambandet.

Sambandet har vore stengt eller redusert sidan tidleg i går ettermiddag på grunn av sterk vind og uvêr.

Les også: Sjøen rant over kaikanten i Stavanger

Les også: Det er farlig å ferdes i friområder

120 vogntog i kø

Men det er likevel lange køar. Om lag 120 vogntog står i kø nord for Arsvågen i Bokn kommune. Også på andre sida av fjorden, ved Mortavika, har det i dag vore køar.

Rolf Garpestad

Rolf Garpestad

Foto: Thomas Halleland

Årsaka er at det etter opning i dag berre har vore køyretøy på under sju og eit halvt tonn som har fått køyra på ferjene.

Grunnen til det er at vinden har vore så sterk at større køyretøy ikkje har kunna køyra over Boknasundet bru nord for Arsvågen.

Ein av dei som har stått i kø nord for Arsvågen sidan 20-tida i går kveld er trailersjåfør Rolf Garpestad.

– Ein del sjåførar er irriterte. Men det er lite me kan gjera med dette. Det finst ikkje omkøyringsvegar og vêret rår me ikkje over uansett, seier han.

Les også: Måtte stenge skolen i stormen

Les også: – De har nok hatt en dramatisk opplevelse

Alle kan ta ferja igjen

Fredag ettermiddag kan alle køyretøy, både personbilar og vogntog, ta ferje i Boknafjorsambandet og køyra over Boknasundet bru.

Det er dermed venta at køane snart vil gi seg. Dette kan likevel ta noko tid sidan vogntoga må køyra i kolonne over Boknasundet bru.

Politiet ber folk ver tolmodige.

– Me prøver å avvikla køane så godt som mogleg, men når pågangen er så stor som i dag tar det tid. Det er tryggleiken som er viktigast for oss, seier operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Rune Plassen.

Ber folk unngå E39 sørover

Politiet ber alle trafikantar vurdera om dei verkeleg har behov for å køyra E39 nå. Dette gjeld spesielt på E39 frå Ålgård og sørover.

– Dei som absolutt ikkje må ut på vegen sørover på E39 treng ikkje køyra, seier operasjonsleiar Charles Bøgild i Rogaland politidistrikt.

Politiet har i ettermiddag fått melding om vogntog som slit med å komma vidare på E39.

Les også: – Da jeg kom ned på veien, så jeg at taket ga etter