11 nye smitta i Vindafjord

I Vindafjord kommune har det søndag kome 11 nye positive prøvesvar på covid-19. Fleire av desse er bebuarar på Vindafjordtunet. Begge omsorgssentera i kommunen stenger for besøkande inntil vidare. Barnehagar og skular blir drifta på «raudt» nivå.