NRK Meny
Normal

1000 elevar står utan læreplass til hausten

Nedgangen i olja får skulda for at mange elevar i Rogaland står utan læreplass til hausten. 60 prosent av dei som har søkt om det, har så langt ikkje fått plass.

Sveising
Foto: Espen Torgersen / NRK

– Me kjem ikkje til å få nok læreplassar til alle, det kan me konstatera allereie no, seier Cathrine Utne Pettersen, seksjonssjef for fag- og yrkesopplæring i Rogaland fylkeskommune.

Så langt har fylkeskommunen skaffa læreplassar til 670 elevar. Samstundes står om lag 1000 elevar framleis utan læreplass til hausten.

– Det er vanskelegare å skaffa læreplassar i nokre fag. Det gjeld spesielt fag som er relatert til oljeservice, bygg og anlegg og elektro, seier Utne Pettersen.

Nedgang i olja får skulda

Nær 400 av dei som står utan læreplass går på utdanningsprogrammet teknikk og industriell produksjon (TIP). Tidlegare år har fleire av elevane som har gått denne retninga fått læreplassar i oljerelaterte bedrifter.

Cathrine Utne Pettersen

Seksjonssjef for fag- og yrkesopplæring i Rogaland fylkeskommune, Cathrine Utne Pettersen, har trua på at dei skal greie å skaffa fleire plassar.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

No får nedgangen i oljebransjen skulda for at fleire av desse elevane kan bli ståande utan læreplass til hausten.

– Bedriftene har færre oppdrag, og då har dei ikkje moglegheita til å gi opplæring til lærlingar. Det er ein naturleg konsekvens av den situasjonen me er i, seier Utne Pettersen.

Trur fleire får plass

Men heilt mørkt meiner ho likevel ikkje at det er.

– Det er framleis mange fleire som vil få læreplass. Me har opplæringskontor som er utruleg aktive og pågåande overfor sine medlemsbedrifter no, for å prøva å få dei til å ta inn fleire lærlingar der det er produksjon, seier Utne Pettersen.

Og for dei som ikkje får plass, vil det bli eit alternativt tilbod.

– Fylkeskommunen kjem til å tilby dei eit alternativt løp, som fører dei fram til ein moglegheit for å kunne ta fagbrev.

Flere nyheter fra Rogaland