Hopp til innhold

1000 bustadar på gammal søppelfylling på vent

Det er fare for liv og helse dersom det blir bygd bustadar på det gamle avfallsdeponiet på Varatun i Sandnes, konkluderer rapport. Nå er planane om 1000 bustadar på søppelplassen sett på vent.

 Sandnes tomteselskap

På Varatun har Sandnes tomteselskap planar om opp mot 1000 bustadar.

Foto: Vivian Fasseland Skjebstad

– Me skal ikkje gambla med noko som helst. Det skal ikkje byggast før det er trygt og godt, seier dagleg leiar i Sandnes tomteselskap, Torgeir Ravndal.

Varatun var kommunalt avfallsdeponi for Sandnes kommune frå 1953–1990. Etter at deponiet blei avslutta, har delar av området vore brukt til mottaksstasjon for farleg avfall og hageavfall (sjå faktaboks).

I eit par års tid har Sandnes tomteselskap hatt planar om opp mot 1000 bustadar på Varatun (sjå faktaboks), og i fjor laga konsulentselskapet COWI ei overordna risikovurdering av å bygga hus på den gamle søppelplassen.

Setningsskadar og deponigass

Lena Frøyland

Lena Frøyland er miljørådgivar i COWI.

Foto: Magnus Stokka / NRK

I rapporten står det at «risikoane medfører fare for liv og helse, ytre miljø og økonomisk».

Dei største risikoane ved å bygge på Varatun er dette, ifølge rapporten:

  • Setningsskadar på bygg, infrastruktur og uteopphaldsareal.
  • Deponigass i eller under bygg, i kummar, eller på overflata.
  • Forureina grunn og vatn.

Vidare i rapporten står det at «konsekvensane av små uhell kan bli svært store».

– Deponigass kan føra til luktproblem, brann- og eksplosjonsfare, kvelingsfare eller korrosjon på byggemateriale, seier miljørådgivar Lena Frøyland i COWI.

– Er det uforsvarleg å bygga på Varatun med denne kunnskapen?

– Me har gjennomført ei overordna risikovurdering i første omgang. Det er for tidleg i prosessen å svara på det nå.

Avfallseponier - kategori 2, 3 og 'mistanke'

Tomteselskap gir garanti

I rapporten blir det lista opp fleire tiltak som må setjast i verk før det kan byggast hus på den gamle avfallsplassen, nokre av dei lovpålagde.

Dagleg leiar i Sandnes tomteselskap, Torgeir Ravndal, seier Varatun ligg svært sentralt plassert, midt mellom Stavanger og Sandnes – med mange arbeidsplassar i nærleiken.

Han fortel også at interessa for bustadprosjektet er bra.

– Kan du garantera at ingenting blir bygd før alle farepotensial er avklart?

– Her skal det ikkje vera nokon risiko. Alt skal vera avklart før me går vidare med prosjektet.

– Du fryktar ikkje ein ny Skedsmo-skandale, kor problema har stått i kø etter bustadbygging på ein tidlegare avfallsplass?

– Nei, fordi me kjem ikkje til å gå på akkord med risikoen. Alt skal avklarast før området blir føreslått til utbygging.

Forbod i Stavanger

Men trass i at bustadprosjektet på Varatun er sett på vent, er det omtalt med både tekst og bilete på Sandnes tomteselskap sine eigne nettsider. Ifølge Ravndal skal ikkje Varatunparken inn i forslaget til kommuneplan før om tidlegast fire år, kanskje åtte år.

Dersom det går åtte år, kan dei første bebuarane flytta inn om 12 års tid.

Ifølge Frøyland i konsulentselskapet COWI kan ein venta å ha alle svar på bordet etter at dei tilrådde tiltaka er gjennomførte.

– Ein treng større kjennskap om deponiet. Det handlar om mengde og kva typar avfall det er snakk om.

Nabokommunen Stavanger har vedtatt forbod mot bustadbygging på søppeldeponi.

– Me tillèt ikkje dette på grunn av risiko knytt til deponigass, miljøgift og ustabile grunnforhold, seier miljørådgivar Stig Magne Hordnes.