100 mill. til Rogfast

Det ser ut til at framdrifta av E39-prosjektet Rogfast i Randaberg og Bokn går som planlagt, ut frå pengane regjeringa setter av i statsbudsjettet. 100 millionar kroner blir gitt til planlegging og bygging av den undersjøiske tunnelen. Regjeringa vil legge fram eit opplegg for utbygging og delvis bompengefinansiering av prosjektet så snart nødvendige avklaringar er gjort.

Ketil Solvik Olsen med Rogfast-pengar
Foto: Gunnar Morsund / NRK