NRK Meny
Normal

10-åring søkte på rektorstilling

Vegard Reinsnos (10) tok norsklæraren på ordet og søkte på stillinga som rektor ved Bogafjell skole i Sandnes.

Vegard Reinsnos

Vegard Reinsnos (10) er blant tre søkarar til rektorstillinga ved Bogafjell skole i Sandnes.

Foto: Thomas Ystrøm

Fjerdeklassingane ved Bogafjell spurte norsklæraren om han skulle søka på den ledige stillinga som rektor på skulen.

Norsklæraren svarte «nei, de får søka sjølv». Vegard (10) tok læraren på ordet. Nå er han blant tre søkarar til rektorstillinga, skriv Sandnesposten.

– Eg trur det hadde blitt mykje mindre mobbing dersom eg hadde blitt rektor, seier Vegard til NRK.

– Korleis hadde det blitt med lekser då?

– Det hadde blitt vanlege lekser.

– Har dei andre i klassen lyst til å ha deg som rektor?

– Nesten heile klassen seier eg ikkje kjem til å få jobben, og det trur eg også på. Eg trur det er to eller fem prosent sjanse for at eg får jobben.

Men sjølv om det nok blir med søknaden denne gong, er det ingen som veit kva framtida vil bringa for den ambisiøse 10-åringen.

Sjølv trur han at han kunne blitt ein ganske snill rektor.

– Eg pleier ikkje å starta ein krangel, eg seier heller ikkje noko for å gjera ting verre.

– Kva seier mor og far om at du søkte rektorjobben?

– Dei sa ikkje så mykje, dei berre lo.

Vegard legg til at dette er den første jobben han søker på i sitt ti år gamle liv.

SJÅ VIDEO: Vegard Reinsnos (10) besøkte NRK Rogaland tysdag. Sjå video og intervju med den unge rektorsøkaren her. Intervju/redigering: Cecilie Berntsen Jåsund.