Hopp til innhold

Tine fjernar portugisiske gulrøter

Tine byter til norske gulrøter i skuleordninga Skolelyst, skriv Nationen.

I januar skreiv NRK og fleire andre medium om kritikken mot Tine fordi dei tilbaud gulrøter frå Portugal på skulane. Også i Rogaland, der den norske gulrotproduksjonen er høg.

– Vi skal vere dei første til å innrømme at vi kunne gjort ein endå betre jobb på dette området, seier marknadssjef i Tine, Martine Lystad, til avisa.

Gulrøter i Skolelyst blir norske alt frå denne veka.

Minigulrøttene til 15 kroner
Foto: Arild Eskeland / NRK