Hopp til innhold

Borgli er i teten

Sentio Noreg har på oppdrag frå Sandnesposten spurd 500 sandnesbuar om kven dei vil ha som ny ordførar, etter valet til hausten. Nåverande varaordførar Pål Morten Borgli frå Frp, fekk 27 prosent og størst oppslutning. Kenny Rettore frå Høgre deretter med 21 prosent, medan Arne Buchholdt Espedal frå Ap enda nedst med 17 prosent. Det skal også seiast at dei fleste av dei spurde, heile 32 prosent, sa at dei ikkje hadde nokon favoritt-ordførarkandidat.

Pål Morten Borgli