Hopp til innhold

Ein alvorleg skadd i båtulukke i Sirdal

Ein båt og ein vasskuter har vore i ei ulukke i Sirdal. Politiet melder at dei ikkje er sikre på kva som har skjedd, men at der er meld om to skadde personar. Naudetatar, redningshelikopter og luftambulanse vart send til staden.

Dei to personane er tekne i land, melder politiet klokka 14.30. Ein av dei skadde er alvorleg skadd.