Hopp til innhold

Ein av dei sikta i Sandnes vert stilt for varetekt i dag

Onsdag vart ein mann i 20-åra arrestert og sikta for grov kroppsskade eller medverknad til det etter ein mann 31. juli vart knivstukken på Hana i Sandnes.

– Mistanken mot mannen for dette forholdet er svekka og der ligg ikkje lenger skjellig grunn til mistanke for medverknad til kroppsskade, skriv politiadvokat Christine Kleppa i ei pressemelding.

Gjennom etterforskinga har dei likevel funne informasjon nok til å sikte mannen for eit tidlegare ran.

Politiet seier det er for tidleg å seie om der er nokon samanheng mellom ranet og valdshendinga på Hana.

I eit fengslingsmøte i dag i Stavanger tingrett vil politiet be om fire veker varetektsfengsling – to av dei i isolasjon – for mannen.

Ein annan mann i 20-åra er sikta for grov kroppsskade eller medverknad til det, men han er enno ikkje arrestert.