Hopp til innhold

Mann arrestert etter valdshending på Hana

Politiet arresterte ein mann i 20-åra i går kveld i Agder. Mannen er pågrepa i samband med valdshendinga på Hana, skriv politiet i ei pressemelding. Vedkommande er sikta for grov kroppsskade eller medverknad til dette. I tillegg er endå ein mann sikta for grov kroppsskade eller medverknad til dette, men er enno ikkje pågrepe. Opplysningar i saka tyder på at dette er ei alvorleg hending internt i eit miljø, skriv politiet.