Hopp til innhold

Forsand blir verande som del av Sandnes

Regjeringa har bestemt at hovuddelen av gamle Forsand kommune skal bli verande som del av Sandnes kommune. Det blir altså ikkje noko av grensejusteringa og overføring til Strand kommune. Statsforvaltaren konkluderte med at gamle Forsand burde overførast til Strand, eit syn Strand kommune deler. Sandnes er imot og viser til at Stortinget to gonger har sagt at gamle Forsand skal vera ein del av Sandnes kommune. – Etter ei nøye vurdering har regjeringa kome til at grensene ikkje skal endrast på nytt, skriv kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik frå Senterpartiet.