Hopp til innhold

Semje i mekling i oljeoppgjøret

Det blir inga oljestreik. Norsk Olje og Gass vart i føremiddag samde med arbeidstakerforbunda om sokkelavtalen etter mekling nesten 12 timer på overtid. Partene vart samde om ei økonomisk ramme som er på line med den frontfaget fekk på 3,7 prosent.

Lederne og Safe vil sende resultatet ut til uravstemning med svarfrist 30. juni. LO-forbundet Industri og Energi opplyser at resultatet gir offshoretilsette eit samlet lønnstillegg på 32.200 kroner. Om lag 7300 tilsette er omfatta av sokkelavtalene. Desse jobber i oljeselskap, med forpleiing og som borepersonell.