Hopp til innhold

Publiserte personnummer i byggesak

Stavanger kommune publiserte eit 20-tals personnummer, namn og adresser i ei byggesak på kommunen si eiga nettside. Dokumenta med informasjonen var tilgjengelege for alle, utan behov for å logge inn nokon stad. Informasjonen, inkludert personnummer, vert av Datatilsynet ikkje rekna som sensitive personopplysningar.

Stavanger kommune har, etter å ha blitt gjort merksam på feilen, fjerna dokumenta med personopplysningane.

Leiar for avdeling byggesak, Sven Norland, i Byarkivet seier at dei har undersøkt saka, og har tatt dokumenta bort frå «opengov» sidan dei inneheldt personopplysningar. Avviket blir sendt til Datatilsynet.

Stavanger byarkiv
Foto: Stavanger kommune