Hopp til innhold

Helsetilsynet opprettar sak etter SUS-studie

Helsetilsynet skal vurdere om Stavanger universitetssjukehus braut helseforskingslova då dei koordinerte ein stor studie på endetarmskreft. Studien skulle observere pasientar som vart behandla med stråling og vente med kirurgiske inngrep.

I november 2020 vart studien stoppa etter at fleire pasientar utvikla spreiing av kreftsvulsten medan dei deltok i studien.

Helsetilsynet, politiet og Statsforvaltaren i Vestland skal undersøkje kva som gjekk gale i studien.

Stavanger universitetssjukehus (SUS)
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK