Tre personar til sjukehus etter brann
Det brenn framleis i eit bustadhus i Finnåsgata i Haugesund. Tre personar er no på sjukehus til behandling etter å ha pusta inn røyk. Haugesund kommune vert kontaktpunkt for dei som ikkje har nokon stad å bu.
Det skal ikkje vere fare for spreiing til andre bygningar, og ingen som bur i leiligheitene i bygget skal vere sakna.