Hopp til innhold

Brann i bustad i Haugesund

Det er full fyr i ein bustad i Haugesund, melder politiet. Brannen skal vere i Finnåsgata og naudetatane er på staden. Det er fleire leilegheiter i huset som brenn. To personar som bur der vart sett til av ambulanse etter å ha fått i seg røyk og køyrd til sjukehuset.