Hopp til innhold

Chesak stiller ikkje til attval

Fylkesordførar Marianne Chesak kjem ikkje til å stille til val igjen som fylkesordførar. Det melder ho sjølv på Facebook. I 2015 blei Chesak fylkesvaraordførar i Rogaland, og sidan 2019 har ho vore fylkesordførar.

Ho seier ho ønskjer å vere meir saman med barna sine, men skriv ho er glad for at ho tok utfordringa då ho tok jobben.

fylkesordfører i Rogaland Marianne Chesak.
Foto: Lene Underhaug / NRK