Hopp til innhold

Tre har fått influensa-erstatning

Tre fjørfebønder i Rogaland har fått erstatning frå staten fordi staten påla dei restriksjonar i samband med utbrot av fugleinfluensa i november i fjor. Det skriv statsforvaltaren i Rogaland. Fjørfeprodusentane fekk erstatning fordi dei måtte slakte ned fuglar, og innføre ekstraordinære smittetiltak. Det er ikkje opplyst kor store erstatningane er.

I dette bygget måtte 7500 høns avlivast. Bilde er frå desinfiseringa.
Foto: ISS