Hopp til innhold

Har ikkje funne gjerningsperson

Politiet har enno ikkje funne gjerningspersonen som sundag braut seg inn til og angreip eit ektepar i Sandnes med øks og kniv.

Gjerningspersonen er framleis på frifot.

Politiet etterlyser vitne som kan ha sett noko i nærleiken av Olinehagen i Sandnes mellom klokka 06:00 og 07:30.

Personen skal, ifølgje politiet, vere lys i huda, ha mellombrunt hår og kort skjegg. Mannen var slank og kring 180 cm høg. Han skal ha gått med mørkt turtøy.

– På jakka skal det ha vore refleksar på skuldrene som gjekk som ei stripe frå skuldra og ned mot olbogen, samt ei neongul stripe på hetta og refleks på kvar side av denne stripa, seier Elisabeth Vorland.

Ho er seksjonsleiar ved etterretning og etterforsking i Sandnes.

Politiet ventar svar frå tekniske undersøkingar, mellom anna frå øksa som vart liggande på åstaden, men ynskjer informasjon frå publikum.