Hopp til innhold

Bronse i Bocuse d'Or for andre gong

Christian André Pettersen frå Bodø og Sandnes fekk bronse under kokke-VM, Bocuse d'Or. Pettersen deltok for andre gong fordi han førre gong vart nummer tre. Han har lova faren som døde i 2013 at han skulle bli verdas beste kokk.

Det norske laget blir trena av Geir Skeie, som sjølv har bakgrunn som både europameister og verdsmeister i konkurransen. Pettersens viktigaste medhjelpar, også kalla commis (eit talent under 23 år), er Even Sørum (23).

Sølvet gjekk til Danmark, medan Frankrike tok fyrsteplassen og den gjeve gullmedaljen.