Hopp til innhold

Mista retninga ved Selvigstakken

10 friviljuge leitemannskap frå Raude krossen leita i natt etter eit par, som hadde gått seg vekk ved Selvigstakken i Sandnes. Paret klarte ikkje å finna vegen tilbake i mørket og bad sjølve om hjelp. Dei to blei funne i god form i tretida i natt.