Hopp til innhold

Braut seg inn gjennom ei dør

Natt til søndag blei ei dør i ein butikk i Stavanger sentrum øydelagt. Det blei stole kostyme og klede. Politiet lukkast med å finne igjen tjuvegodset i løpet av natta, og ein mann i 20-åra er mistenkt for å stå bak innbrotet.