Hopp til innhold

Stolen bil krasja

Litt over klokka halv tre i natt fekk politiet melding om ein bil som hadde køyrt inn i eit autovern på Hellvik i Eigersund. Bilen var meldt stolen frå Sandnes tidlegare på natta. Då politiet kom til staden var der ingen personar ved bilen.