Hopp til innhold

Blei henta opp frå sjøen

Ei politipatrulje berga ein mann (23) som låg i sjøen ved Indre kai i Haugesund i natt. Mannen blei køyrd til legevakta for sjekk. Han sa sjølv at han hadde lege i sjøen i om lag to minutt. Mannen var kraftig rusa, men ikkje særleg nedkjølt.