Hopp til innhold

Syklist påkøyrd

Ein syklist vart påkøyrd av ein bil i ei rundkøyring på Austrått i Sandnes i dag tidleg. Syklisten vart sendt til SUS med smerter i armen. Politiet har snakka med både syklist og bilist, men begge er mistenkt fordi det er uklart kva som har skjedd.