Hopp til innhold

Ektepar i 70-åra må reddast

Politi og frivillig leitemannskap er på veg til eit eldre ektepar som ikkje klarer å kryssa ei elv i Kvanndalen i Suldal. – Dei er kalde og blaute, men vêrforholda gjer at me ikkje kan fly inn, seier operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Toralv Skårland.