Hopp til innhold

Redningsaksjon på Preikestolen

Norsk folkehjelp har sett i gong ein redningsaksjon for å få ut ein 78 år gammal mann, som var på veg til Preikestolen. Mannen, som er frå Israel, fekk eit akutt helseproblem og klarer ikkje å koma seg tilbake til parkeringsplassen for eiga hjelp.