Hopp til innhold

Pasient på veg til sjukehus

Det var ei kvinne som blei skadd i grunnstøytinga utanfor Tau. Ho har blitt flytta over i ambulansebåten og vidare om bord i redningshelikopteret. Det er ikkje kjent kor alvorleg skadd ho er. Det var også ein mann om bord i fritidsbåten, også han blei plukka opp av ambulansebåten. Ei redningsskøyte er sendt ut for å ta seg av båten dei var ute i.